Om Mattistunet
Leilegheita er ein del av ein to-mannsbustad som passar utmerket for ein stor familie eller fleire mindre familiar. Inngang både i kjellar og i hovudetasjen. Leilegheita består av 3 etasjar, kjellar med kjellarstove, sovealkove, vaskerom og lagerrom. Trapp frå kjellar til hovudetasjen som består av stove, kjøkken, bad og eit soverom. Trapp til 2.etasje som har 2 soverom og bad. Bada og soveromma er nyleg renoverte. Stor veranda med utsikt over fjord og fjell. Ca 1 km frå sentrum av vakre Innvik.